Gratis påbygg for unge med fagbrev
av Janne G. Sørgulen / 18.09.2014
Endring i opplæringslova gir ungdom med fagbrev rett til eitt år påbygg – heilt gratis. Med arbeidserfaring og høgare utdanning på CV-en vil sjefane kjempe om å få tilsette deg.
– I mange år har rettleiarar og foreldre råda flinke elevar til å ta høgare utdanning fordi det gir fleire karrieremuligheiter. Denne myta vil vi legge død, for i dag er realitetane slettes ikkje slik, fortel Torbjørn Mjelstad, fagopplæringssjef i Hordaland fylkeskommune.
Han framhevar retten yrkesfagselevar med fagbrev har til å ta påbygging til generell studiekompetanse, heilt gratis. Tilbodet trådde i kraft i Hordaland fylkeskommune denne hausten.
– Når «alle» tek høgare utdanning, vil dei som har både fagbrev og høgare utdanning ligge øvst i søknadsbunken. Til dømes vil ein ingeniør med fagbrev stille sterkare enn ingeniørar utan fagbrev.
Mange muligheiter etter fagbrev
Vel eleven å ta både fagbrev og generell studiekompetanse, har ho høve til å ta høgare utdanning, teknisk fagskule eller høgskule. Eit anna alternativ er å ta meisterbrev.
– I løpet av utdanninga lærer elevane mykje om seg sjølv og kva dei likar, eller ikkje likar, å jobbe med. Det gir ofte eit betre grunnlag for å velje vegen vidare, enn om ein skal ta eit val når ein er ferdig i 10. klasse, seier Mjelstad.
Løn under utdanning
Det er òg økonomiske skilnader knytt til den utdanningsvegen ein vel. Kombinerer ein fagbrev og høgare utdanning, har ein krav på høgare løn. Vel ein yrkesfag, får ein i tillegg betaling under læretida.
– Følgjer ein to kameratar der den eine vel yrkesfag og den andre høgare utdanning, vil den eine starte å tene pengar tidleg, medan den andre samlar opp gjeld. Først når dei er i 40-åra startar økonomien deira å bli lik att, seier fagopplæringssjefen.
– Næringslivet treng fleire fagarbeidarar
Medan konkurransen på jobbar som krev høgare utdanning har vorte tøffare, er det eit skrikande behov etter fleire tilsette med fagbrev. Blant NHO sine medlemsbedrifter er det 57 prosent som svarar at dei har eit stort behov for tilsette med fagbrev. Dessverre er det berre 16 prosent av alle som startar på yrkesfag som endar opp med fagbrev etter fem år.
– Vi er uroa for yrkesfaga. Konsekvensane av fråfall i dei yrkesfaglege linjene på vidaregåande skule kan i verste fall gjere at verksemdene må takke nei til oppdrag eller redusere drifta si, seier regiondirektør i NHO Hordaland, Tom Knudsen.
No håpar han tilbodet om gratis påbygging kan få fleire motiverte ungdommar til å velje dei tradisjonelle yrkesfaga igjen.
– Det er viktig at fagbrev ikkje blir sett på som ein endestasjon, men som det beste springbrettet til ei vidare utdanning eller yrkeskarriere. Held den noverande utdanningstrenden fram, risikerer ungdom rett og slett å utdanne seg til arbeidsledigheit.
Ønskjer betre karriererettleiing
Tal frå SSB støttar opp om det Knudsen seier: Om ikkje fleire fullfører fagopplæringa si, vil det bli ein kritisk mangel på fagarbeidarar i framtida. Tala frå SSB vart lagt fram i oktober 2013, der det blant anna vart konkludert med at det fram mot 2030 vil vere særleg behov for fleire fagutdanna innan elektro, industriell produksjon, bygg og anlegg, samt helse og oppvekstfag.
– Ei betre karriererettleiing i Norge er eit viktig grep for å førebygge fråfall og feilval i utdanninga. Her må vi etablere eit landsdekkande system med rettleiing for alle personar og grupper som har behov for slik bistand, seier Knudsen.
Les meir om fagopplæringa i Hordaland.